Mi historie

Kortid, visst ikkje no?

Frå dikt til livsverk

cropped-BlåBakLindaSyngMic.jpeg28. mars 2012 er ein dag eg aldri kjem til å gløyma.

Ein dag som vart starten på ei endring i mitt liv.

Eg visste da ikkje då, men den dagen skulle visa seg å verta ein stor merkedag!

Litt om meg:
Eg har i over 20 år jobba som frilans songar og skodespelar.

Eg har tatt utdanning i både Noreg og Danmark og har farta land og strand rundt med ulike oppsetjingar.

Eg har og vore ein kulturell iverksetjar.

D.v.s. eg elskar å setja i gong prosjekt. Særleg store kulturprosjekt.

skuespiller_LindaFosseDå musikalen «Which Witch» for første gong vart satt opp på Nynorsk i 2007, i full scenisk versjon, utandørs på Håkonshaugen utanfor Bergen, var da min idé.

Då me feira 100-årsdagen for  Aslaug Låstad Lygre (ho som skreiv «Vi skal ikkje sova bort sumarnatta») 3 dagar til ende med ein stor Poesifestival på Lyngheisenteret nord for Bergen, var da eg som tok initiativ.

«Visst andre kan – kan eg» – har vore mitt mantra.

Men noko har alikevel streka….

Men kva?

Tilbake til denne vårdagen i 2012.

Da som skjedde var gjerne ikkje så stort, sett sånn med første augnekast. For da som skjedde var berre at eg skreiv eit dikt.

Eit dikt som eg følte skulle ut.

Jau, da høyres nok litt i overkant rart ut, men da hender at eg føler at da er eit dikt eller ein tekst som er på veg. Nett som når ein er svanger. Berre da at ein er svanger med ein tekst.

Og sånn var det denne dagen altså.

Eg følte eg hadde noko som skulle ned på papiret.

Eg sat meg ned med papir og penn og byrja å skriva.

Og der kom diktet!

Utan at eg mesta var klar over kva som kom, så kom diktet

«Kortid, visst ikkje no?»

kortid_skrift(Diktet finn du under «Kortid, visst ikkje no?»)

Diktet opna med følgjande setning:

«Kortid passar da å ta tak i draumen din, visst ikkje no?»

WOW!

Eg kan lova deg at da å verta overraska over eigen tekst, medan du skriv den, er ei ganske sprø oppleving.

«Kortid passar da å ta tak i draumen din, visst ikkje no?»

Hmmmm…..Ja, kortid?

Eg hadde ikkje skrevet så mange dikt før, i alle fall trudde eg ikkje da.

Så da var jo noko eg tenkte at eg  ikkje var god nok til. Og dette skulle i alle fall ikkje delast. Ha, ha, Ja, kva ville ikkje andre sei?

Men alikavel skjedde det.

Eg skulle opptre på ei opning av eit Motorsagkunstgalleri i heimbygda. Og sidan det var ein draum for den som opna dette galleriet å opne det tenkte eg at, Jau, – diktet kan jo passa….

Diktet vart lest opp og reaksjonane var sterke.

På NRK 1

Så hadde da seg sånn at NRK P1 ville koma til garden vår og laga sending der i frå til programmet “Naturens verden”. Dette skjedde  nokre mnd. seinare (Ja, da er sånt som skjer på garden eg bur på. Ting kjem ramlande ned i hovudet på oss, å ein måte…)

Når eg no fekk sjansen til å sei noko, tok eg mot til meg og lurte på om eg kunne avslutta programmet med eit dikt eg hadde skrevet. Sjølvtilliten som diktar hadde vakse litt sidan eg las det opp på den galleriopninga.

Jau, sjølvsagt kunne eg da.

Og dermed skjedde da, at diktet kom på lufta på NRK P1. Da vart ikkje opplyst kven sitt dikt da var, men NRK vart nedrent av lyttara som lurte på kven forfattaren var og kor dei kunne få tak i diktet. «Oi!» – tenkte eg!

Diktet fekk mange hundretalls delingar på Facebook og vart endå til sendt i reprise på årskavalkaden til “Naturens verden” på NRK p1 ved nyttår det året.

Då byrja det å demre for meg at dette var visst eit tema som traff mange.

Likevel skulle da gå nesten 2 år før framsyninga «Kortid, visst ikkje no?» såg dagens lys.

Premiére på DNS i Bergen

På sjølvaste kvinnedagen i 2014  på Den Nationale Scene i Bergen vart da premiére.

Lille Scene var fylt til randen av folk som heia på meg og som meldte tilbake at dei kjente seg att.

Dei følte da som meg

D.v.s. i korte trekk:

  • At tida gjekk.
  • Jante regjerte.
  • Frykta for å drita seg ut lamma ein.
  • Ein måtte leva. NO!

«Kortid, visst ikkje no?»

Da vart som eit mantra for meg.

Berre eg lot ei tom farrisflaska bli liggande att i bilen så høyrde eg orda inni hovudet mitt:

«Kortid skal du ta den ut, visst ikkje no?»

Ting byrja å endra seg….

Ei erkjenning

Då eg jobba med å skriva tekstane til framsyninga «Kortid, visst ikkje no?» gjekk da som ein leik. Berre eg visst kva eg ville formidla kom både tekstar og kva melodiar eg skulle bruka til dei på løpande band.

Eg brukte diktet som utganspunkt og raud tråd i det 1 times lange One-Woman-Showet eg laga. Eg skreiv omlag 90 % av alle tekstane sjølv.

Teksten som ikkje kom

Men da var ein tekst eg ikkje fekk til. Da kom ingen tekst på løpande band….

Da var den teksten som skulle passa til den delen i diktet der eg seier:

«Kortid passar da å unna seg da besta, visst ikkje no?»

Eg skreiv det eine forslaget etter det andre, men da vart feil. Så kom eg til kva det var:

“Eg unna meg jo ikkje det beste!”
Og langt der i frå.

Eg gjekk framleis og kjøpte bukser som ikkje passa perfekt, berre forda at dei var på tilbud. I staden for å unna meg den til fullpris, som sat perfekt. Eg sat heller aldri av tid til å ta meg eit boblebad etter at ungane var lagt seg,  for eg skulle jo berre sleppa ut hunden først, ja, etter å ha gjeve han mat, og tatt opp brød, hengt opp maskina med klé som eg hadde gløymt å hengja opp. Og so måtte eg berre nett stryk ein duk, og ta opp kjøttdeig i frå frysen til middagen dagen etter, og hengt fram badedrakta til dottera som skulle ha bading dagen etter….for å namna litt.

Dette var ikkje å unna seg da besta!

Så byrja eit to år langt studie, og analyse av kva det ville sei å unna seg da besta.

Kva som gjorde at eg ikkje unna meg da besta og korleis livet ville sjå ut visst eg unna meg da besta.

Eg kom fram til følgande overraskande konklusjon:

SJØLVFØLELSEN

EG HADDE LAV SJØLVFØLELSE!!!

Oi!

Eg hadde tatt utdanning som inspirerande coach på Ringominstituttet i 2008, så eg hadde lært om forskjell på sjølvtillit og sjølvfølelse. Men da hadde ikkje slått meg at eg hadde liten sjølvfølelse.


Men BANG, der skjøna eg for første gong verkeleg kva da betydde å ha lav sjølvfølelse. Sånn i praksis.

Brått kunne eg sjå tilbake på livet mitt og setja fingeren på alt i livet mitt som hadde skjedd, eller som eg hadde tillatt å skje, p.g.a. lav sjølvfølelse!

  • Kvifor eg hadde gått inn i forhold eg såg ikkje var bra for meg, men som eg alikavel vart verande i, i fleire år.
  • Kvifor eg hadde da rotete i huset -og i bilen.
  • Kvifor kléskapet var fullt av klé eg ikkje var glad i. (…men eg hadde gjort eit godt kjøp, altså.)
  • Kvifor eg var “Tilbudshjernevaska”
  • Kvifor eg aldri unna meg å ha skikkeleg ferie.
  • Kvifor eg alltid hadde da travelt og var for sein til nesten alle avtaler.
  • Kvifor eg hadde problem med å disiplinera meg å halda fokus over tid.
  • Og kvifor eg aldri hadde satt meg eit verkeleg stort, langsiktig mål for livet og følgt min draum!

Eller i det heile tatt DEFINÈRT kva draumen min var!

Eit vendepunkt!!!

Timeglaset

600-056061 © Robert George Young Hourglass Floating over Water

Mykje sand har rent ut or timeglaset mitt sidan denne dagen. Og da renn enno. Og godt er da. 🙂

Eg har so mykje eg skal rekkja. No veit eg endeleg kva da er!

Så medan sanden renn ut lever eg for, gjennom internett og frå scena, å inspirera andre til å våga å ta tak i sitt liv og sin draum, og å spørja seg sjølv:
«Korid, visst ikkje no?»


Vi veit ikkje kortid timeglaset vårt vert tom, men da vert da.
I mellomtida ynskje eg å ta styring over mitt liv og ikkje legge ansvaret for eige liv på skuldrane til «dei andre», og la Jantelova få bestemma kven eg er og kva eg skal utretta her på jorda den tida eg har her.

Og om eg kan inspirera EIN person til
å våga følga sin draum og leva eit liv han eller ho elskar,
då har mitt liv vore ein suksess!

For ikkje å snakka om visst eg kan inspirera ein fullsett Grieghall til å følgja sin draum! 😉

Leva – Inspirera – Våga

cropped-BlåBakLindaSyngMic.jpegLinda Fosse

«Kortid, visst ikkje no?»