Diktet “Kortid, visst ikkje no?”

Kortid passar da å ta tak i draumen din,
visst ikkje no?

Kortid passar da å unna seg da besta,
visst ikkje no?

Kortid passar da å seia:
”Eg elskar deg!”

Springa barbeint i graset på livets veg,
visst ikkje no?

Kortid skal du slutta å bry deg om kva alle andre syns,
visst ikkje no?

Kortid skal du elska deg sjølv for den du er,
visst ikkje no?

Kortid skal du våga å visa ditt sanne ”EG”,
den som du verkeleg er, som er HEILE deg,
visst ikkje no?

Eg undrast berre på om du også kjenner
at livet mesta renn ut mellom hender
som sand i eit timeglas.
Brått er det tomt.

Utanfor glar sola. Snart er da skumt….

Du kan ikkje venta i all æva.


-kortid skal du våga å leva,…..
– visst ikkje no?
kortid_skrift