Ei ny tid

Endeleg!

Ein draum går i oppfylling!cropped-LasVegasBileteTilpassa.jpg

“Kortid, visst ikkje no?” veks

Det heile byrja som eit dikt, som vart til ein song, som vart til ei framsyning som no vert til firmaet KVIN.no

KVIN.no

“Kortid passar da å ta tak i draumen din, visst ikkje no?”

Med dette som utgangspunkt vil KVIN.no tilby Coaching og Mentortjenester til Gründera. KVIN.no har som mål å få så mange som mulig til nettopp å våga følgja draumen og i å lukkast!

Går du med ein draum du ikkje har realisert? Treng du nokon som kan vera med å støtta deg i prosessen? Nokon å lufta idéar med og som kan inspirera deg på vegen? KVIN.no er her for deg.

Kurs

Allereie 4. – 6. November kan du vera med på kurs.

“KORTID, VISST IKKJE NO?”

For deg som er klar for ei varig endring i livet

 Sit du og kjenner på at du gjerne skulle kome deg ut av det sporet du no er i?

At noko må gjerast?

At da må vera meir i livet enn det du opplever no?

At da må vera mulig å få meir tid til det som er kjekt!

Livet er meint å vera godt.

Da er meininga at du skal driva med det som gjer dagane dine meining. Vi har alle ein styrke, ein eigenskap, eit talent. Dette talentet er da meininga at du skal bruka.

Kva er ditt talent?

Tenk tilbake på når du var liten.
Kva var det du elska å driva med?

Kortid var da at du gløymde tida ?

Kva var det som fekk deg til å hoppa ut av senga om morgonen, klar til å ta fatt på ein ny dag?

Om ein kan finna ut kva det er ein elskar å driva med, er du veldig nerme å finna det som er din lidenskap, og det som du bør bruka meir tid på å gjera.

Kvifor?

For jo meir du gjer av det du har som lidenskap, jo meir energi og entusiasme skaper du i livet ditt.

Kva om du kunne oppnådd noko av den entusiasmen i kvardagen som du hadde som barn?

Det kan du få til.

Men korleis ?

På kurset “Kortid, visst ikkje no?” skal me gå nermare inn på dette. Du får her verktøya du treng for å koma nermare den draumen me alle ber på. Draumen om å finna lukka i kvardagen.

Du vil få svar på kva det er som hindrar deg i å oppnå det du drøymer om.
Eg skal hjelpa DEG til å sjølv kunna sjå korleis du kan få eit betre liv, i den situasjonen du no er i.

Oppfølgjing

Etter endt kurs vil du og få ein GRATIS coachingtime med meg. Denne tar me enten på Skype, eller her hjå meg (om du bur nerme).

Pengane tilbake-garanti

Eg har som alltid “Pengane tilbake – Garanti”.

Om du går på kurs hjå meg og synest at du ikkje har fått ​det du har betalt for kan du kortid som helst under kurset gje meg eit ord, og eg vil tilbakebetala kvar einaste krona du har betalt inn.

Eg ynskjer KUN nøgde kursdeltakarar! Kurset skal gje deg noko, visst ikkje har da ingen verdi. Verken for meg eller deg!

Så om dette verkar som da er da du er ute etter, og er klar for ei endring i livet, meld deg på kurs her. Kva har du å tapa?

Ser fram til å sjå deg og følgja deg på vegen mot din draum!

Har du høve for overnatting?

I samband med kurset kan me tilby overnatting på Sundland Gjestegard.
Kan du dela rom, er prisen kr. 450,- for heile helga.
Vil du ha eige rom er prisen 750,- frå fredag – søndag.

Comments

comments

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

*