“Du måste finnas”

Kristina från Duvemåla


Ein fantastisk musikal av ABBA-karane Benny Andersson og  Björn Ulvaeus samt Lars Rudolfsson. Den handlar om utvandringa frå Sverige til Amerika på 1800-talet. Ei sterk historia med ein mektig musikk til.

Eg vart introdusert til denne songen ein sein nattetime seint på 90-talet, og da gjekk lenge før eg var i stand til å syngja den sjølv.

Den krever ein del sangmessig og om ikkje alt er perfekt her, so gjer ikkje da noko. Da gjer meg godt å syngja den, og eg vonar du vil ha ei oppleving med å høyra den.

Innspelinga

Den er innspela på mitt kontor, med ein enkel Yeti Blue mikrofon på skrivebordspulten, kobla til min iMac.

Ok, so hadde da nok vore betre å stå å syngja denne og ikkje halv-vegs krokrygga over skrivebordet, men sånn vart da no denne gongen. Får finna fram eit stativ til neste gong….

So har eg sett bilete til musikken og laga det heile i iMovie. Musikken? Ein singbackversjon eg kjøpte på nettet. (www.singback.se)

Innspelinga er eit ledd i mitt nye private prosjekt:

“Kva er att når du har dratt?”

Eg har kome til da at skal da vera ein del att når eg har dratt lyt eg stiga ned frå Perfeksjonistens høgsete og berre GJERE DA!

So her er altså ein heimesikra versjon av “Du måste finnas”

So får eg heller ha til gode å gjera den i Grieghallen med kringkastingsorkesteret. 😉

Er som alltid glad for ei tilbakemelding under her.

Linda 🙂

 

Comments

comments

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

*