Du er aldri kva du har

what-do-we-live-for-if-it-is-not-to-make-life-less-difficult-for-each-other-george-eliot

Du er aldri kva du har,�
men kva du har gjort.

Du er aldri kva du eig,
men kva du delar med dei rundt deg.

Du er aldri kva du tener;
men kva du spreier ut.

Om da er glede eller vondskap.
Da er bilete som står att
som betyr noko.

Da er følesen du gav andre som kjem til å stå att
-når du er dratt.

So, kva har du gjort for andre idag?

Kva har betydd noko for dei du var med idag?
Kva gjorde du idag som gav meining,
for andre?

Til andre?

Ditt liv handlar ikkje om deg.

Ditt liv er for andre, �sånn at du skal leva og veksa
og utvikla deg.

Verta den beste personen som du kan.
Verta den beste ven som går an
-for andre.

Leva for andre….

Men ikkje som offer.
Kun som ein helt.

Leva for andre og gje av deg sjølv.

Livet ditt handlar om alle andre enn deg.
Og når du gjev av deg sjølv til andre,
for andre
då vil gleda di veksa.
Ditt liv vert rikt.

Du vert rik.

Ein rikdom er berre da som du kan dela.
Da som du kan dela
– med andre.

Korleis hadde verda sett ut om alle levde
– for kvarandre?

– Linda Fosse –

Eller kva trur du?
Gje meg gjerne ei tilbakemelding på kva du tenkjer om teksten.

Klem frå Linda 🙂

Comments

comments

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

*