Category Archives: Uncategorized

16Sep/16

Du er aldri kva du har

what-do-we-live-for-if-it-is-not-to-make-life-less-difficult-for-each-other-george-eliot

Du er aldri kva du har,�
men kva du har gjort.

Du er aldri kva du eig,
men kva du delar med dei rundt deg.

Du er aldri kva du tener;
men kva du spreier ut.

Om da er glede eller vondskap.
Da er bilete som står att
som betyr noko.

Da er følesen du gav andre som kjem til å stå att
-når du er dratt.

So, kva har du gjort for andre idag?

Kva har betydd noko for dei du var med idag?
Kva gjorde du idag som gav meining,
for andre?

Til andre?

Ditt liv handlar ikkje om deg.

Ditt liv er for andre, �sånn at du skal leva og veksa
og utvikla deg.

Verta den beste personen som du kan.
Verta den beste ven som går an
-for andre.

Leva for andre….

Men ikkje som offer.
Kun som ein helt.

Leva for andre og gje av deg sjølv.

Livet ditt handlar om alle andre enn deg.
Og når du gjev av deg sjølv til andre,
for andre
då vil gleda di veksa.
Ditt liv vert rikt.

Du vert rik.

Ein rikdom er berre da som du kan dela.
Da som du kan dela
– med andre.

Korleis hadde verda sett ut om alle levde
– for kvarandre?

– Linda Fosse –

Eller kva trur du?
Gje meg gjerne ei tilbakemelding på kva du tenkjer om teksten.

Klem frå Linda 🙂

07Apr/16

Blåtur?

Skal du arrangera Blåtur i år?

  
Om du har ein gjeng som likar kystkultur, allsong og historie har eg eit program som vil passa aldeles perfekt inn i eit blåturprogram.

“Dar kjem Dampen”

Konserten, som er på omlag 40 minutt, tar deg med på ei musikalsk reisa med “Gamle Dampen”. Her vil du møta kjente og kjære viser av både Medaasen, Kleppeviken og Salhuskvintetten. Det heile er bunde saman av historiar knytt opp mot songane og artistane. Her kan nok dei fleste lære eit og anna nytt.

Kven var no denne karen som skreiv teksten til “Dar kjem Dampen”? For da var jo ikkje Ivar´n. 

Underteikna har sett saman programmet og framfører dette åleine på scena, ikledd strilaklede og gitar. 

   
Programmet har hausta særs gode kritikkar overalt den har vorte framført. Ein sikker vinnar for songglade festdeltakara!

Ta kontakt idag!

Beste helsing

Linda Fosse

Tlf. 93216538

Linda@askelandfarm.com

04Apr/16

“Du måste finnas”

Kristina från Duvemåla


Ein fantastisk musikal av ABBA-karane Benny Andersson og  Björn Ulvaeus samt Lars Rudolfsson. Den handlar om utvandringa frå Sverige til Amerika på 1800-talet. Ei sterk historia med ein mektig musikk til.

Eg vart introdusert til denne songen ein sein nattetime seint på 90-talet, og da gjekk lenge før eg var i stand til å syngja den sjølv.

Den krever ein del sangmessig og om ikkje alt er perfekt her, so gjer ikkje da noko. Da gjer meg godt å syngja den, og eg vonar du vil ha ei oppleving med å høyra den.

Innspelinga

Den er innspela på mitt kontor, med ein enkel Yeti Blue mikrofon på skrivebordspulten, kobla til min iMac.

Ok, so hadde da nok vore betre å stå å syngja denne og ikkje halv-vegs krokrygga over skrivebordet, men sånn vart da no denne gongen. Får finna fram eit stativ til neste gong….

So har eg sett bilete til musikken og laga det heile i iMovie. Musikken? Ein singbackversjon eg kjøpte på nettet. (www.singback.se)

Innspelinga er eit ledd i mitt nye private prosjekt:

“Kva er att når du har dratt?”

Eg har kome til da at skal da vera ein del att når eg har dratt lyt eg stiga ned frå Perfeksjonistens høgsete og berre GJERE DA!

So her er altså ein heimesikra versjon av “Du måste finnas”

So får eg heller ha til gode å gjera den i Grieghallen med kringkastingsorkesteret. 😉

Er som alltid glad for ei tilbakemelding under her.

Linda 🙂