Category Archives: Prosjekt

04Dec/15

Adventskonsert 2015 vél overstått

Kanskje den vert ein tradisjon?

Her kan du høyra “O´Helga natt”

Eg har idag mottatt eit amatør opptak gjort under konserten. Dette ville eg dela med deko, sjølv om starten manglar og ein høyra både knitring m.m.  🙂

imageEg er veldig takksam for alle som valgte å ta turen for å høyra på, og veldig takksam for alle min flotte gjestar som hadde sagt seg villig til å bidra.

Konserten opne med Kling no klokka – songe acapella, av underteikna. Haus Kyrkje er absolutt ei kyrkje ein kan bruka akustisk. Det hev ei rose sprunge fekk og lov å vera heilt akustisk og acapella. Her hadde eg med meg Alexander Fiske Fosse og Didrik Von Hanno Kjessem med på song.

Sølvi Fjellstad framførste vakkert “En stjerne skinner i natt” og Wemund Mjøs bidrog på munnspel med “Det lyser i stille grender”, “Deilig er jorden” og “Du grønne glitrande tre god dag”.

Sistnemnde medan eg las diktet mitt “Kva handlar det om?”. (Sjå tekst lenger nede.

Ellers framførte Alexander sin eigen komposisjon “Rapsodi Trist” på piano og “Dream a little dream of me” på gitar, saman med Didrik på perkusjon.

Ole Morten Fosse styrte lyden med stød hand og godt gehør!

Konserten varte i omlag 1 1/2 time, og tilbakemeldingane har vore formidable!

TUSEN TAKK! 

Tradisjon?

Ja, kanskje det. Første søndag i Advent var i alle fall perfekt timing for meg. Då pustar eg enno med magen, og skuldrena har ikkje rukket å passera øyregongane.

Ynskjer Dykk alle ei riktig god adventstid vidare utan altfor høge skuldre, so sjåast me kanskje i Haus Kyrkja til neste år og 🙂

Kva er dine beste jule/adventskonsert-opplevingar?

Alle tilbakemeldingar vert ALLTID høgt verdsatt.

Beste helsing

Linda 🙂

 

18Nov/15

Adventskonsert 2015

Konsert

image

29. November kl. 18:00 vert da Adventskonsert i Haus Kyrkje.

Dette vert første gong i mi meir enn 20-årige artistkarriera at eg invitera til eigen julekonsert/ adventskonsert.

Eg veit ikkje heilt kvifor eg har venta så lenge før eg har gjort dette, men no vart eg i allefall innhenta av mitt eige utsagn, “Kortid, visst ikkje no?”

So då var da berre å setja igong!

Skippertak

Sidan eg er eit skippertaksmenneske vert da mesta ordna når deadline kjem og pustar meg i nakken. Eg veit ikkje heilt kvifor da er sånn, men da er da. No har eg til slutt berre innsett og har innrømt overfor meg sjølv (og andre) at da er sånn eg er. Og so får eg heller freista gjera noko med da på sikt, trur berre da er viktig å ikkje slå seg sjølv i hovudet for at da er sånn.

“What you resist persist”

imageMed dette i tankane får eg heller berre slutta å kjempa imot skippertaksmentaliteten min og heller gje slepp på all motstand, så kan eg kanskje gjera noko med det på sikt…

No er da finpussing av reportoar som står på programmet. Sjølv om eg er ventar i da lengsta med  gå i gong skal ikkje resultatet verta mindre bra!

Da vert ulike songar i ulike sjangrar i ulik språkdrakt. Alle songane ligg mitt hjarta nerme og nokre har si eiga historie.

Målet er å skapa ei roleg og stemningsfull stund for sambygdingar og eventuelle tilreisande. Gje rom for å senka skuldrena no når me skal inn i førjuletida.

Gjestar

Eg skal ha med meg nokre gjestar og  kven dei er? Da får vera ei overrasking til deg so kjem. 🙂

Gratis innimage

Eg ynskjer at alle som vil skal ha høve til å koma på denne konserten. Det vert difor ikkje noko inngongsbillett. Om du ynskjer å betala noko på veg ut, so er du hjarteleg velkomen til da. Då kan du heller betala da du meina konserten var verdt for deg, og etter da budsjettet kvar enkelt har til rådighet.

Då gjenstår berre å ynskja deg hjarteleg velkomen til adventskonsert i Haus Kyrkje.

Sjekk gjerne FB og.

Beste helsing

Linda 🙂

ps. Legg gjerne att ein kommentar. Da set eg stor pris på! 🙂

Pss. Bileta av adventskrans og Haus Kyrkja er tatt av Tone Hetlevik.