Framsyninga “Vi skal ikkje sova bort sumarnatta”

Om livet og diktinga til
Aslaug Låstad Lygre.

“Vi skal ikkje sova bort sumarnatta. Ho er for ljos til det.
Då skal vi vandra i saman ute, under dei lauvtunge tre.”

Om framsyninga

Vi fylgjer lyrikaren Aslaug Låstad Lygre gjennom
ulike fasar av livet og diktinga hennar. 
Det heile er
bunde saman av dikt og songar, framført av Linda
Fosse.
Aslaug er rekna for å vera ein av Noregs største kvinnelege lyrikarar i etterkrigstid.

Ho er mest kjend for diktet som Geirr Tveitt har sett
melodi til, men dei færraste veit at medan ho skreiv
dette diktet låg ho dødssjuk i tuberkulose.

Kva meir skreiv ho og kva andre hendingar i livet hennar  kan ha påverka diktinga hennar?

Aslaug Låstad Lygre (1910 - 1966)Aslaug Låstad Lygre var fødd på Lindås i Hordaland i
1910. ”No blømer alle rosene” kom ut i 1943 og var den
fyrste av i alt seks diktsamlingar ho gav ut.

Lygre vert ofte omtala som Vestlandet si Haldis Moren
Vesaas, ei samanlikning som vert tydeleg for dei fleste
når dei les dikta hennar. Ho skreiv i tillegg til dikt både
prologar, kronikkar og skodespel. Ho døydde av kreft i
1966, berre 56 år gamal.

Utgjevingar:

1943 No blømer alle rosene

1948 Eld av steinar

1952 Den einsame roaren

1957 Rit di rune

1960 Fest i september

1964 Primulakveld

Framsyninga er skriven av
Agnete Haaland og Linda Fosse
og varer i omlag 40 minutt.

Alle melodiane er skrivne av Linda Fosse,
utanom den som me alle kjenner,
“Vi skal ikkje sova bort sumarnatta”
som Geirr Tveitt sette melodi til.

Tonesette dikt

I 2005 kom eg ut med CD-en “Eit eventyr”
der mange av melodiane som er med i
framsyninga er representert.
Songane kan du høyra her på Spotify.

Ynskjer du å tinga framsyninga
tar du direkte kontakt på tlf. 932 16 538
eller e-post: lindafosse123@gmail.com.


Meir om meg kan du lesa her.

Trykk under for å høyra innslaget frå
programmet “Norskekysten” på NRK 1
med Dag Lindebjerg.

Skjermbilde 2015-09-22 15.03.55