Aslaug Låstad Lygre (1910 - 1966)
NB! Siste sjanse i haust (2016) for å tinga framsyniga “Vi skal ikkje sova bort sumarnatta”. Sjå her for meir info!

Den store, kvinnelege lyrikaren
frå Vestlandet

"Den einsame roaren" frå CD-en "Eit Eventyr" (2005) Tekst: Aslaug Låstad Lygre - Mel. og song: Linda Fosse

Aslaug Låstad LygreAslaug Låstad Lygre var fødd på Lindås 12. desember i 1910.

Ho vaks opp på ein lensmannsgard, for bestefaren hennar var lensmann.

Faren jobba i forsvaret og mora dreiv post og telefonsentral heima.
I tillegg dreiv dei ein liten gard.
Ho var den yngste i søskenflokken på 4.
Ho hadde to brør og ei syster.

Aslaug er rekna for å vera
ei av Noregs største kvinnelege lyrikarar i etterkrigstid.

Ho gav ut seks diktsamlingar.

  • ”No blømer alle rosene” kom i 1943, under den andre verdskrigen.
  • ”Eld av steinar” 1948
  • ”Den einsame roaren” 1952
  • ”Rit di rune” i 1957
  • ”Fest i september” 1960 og den siste diktsamlinga,
  • ”Primulakveld” kom i 1964, berre to år før ho døydde.

Dikt i samling Aslaug Låstad LygreI 2005 gav Norsk Bokreidingslag ut
“Dikt i samling”, der etterlatne dikt
óg første gong kom på trykk.

Boka kan du tinga her.

Aslaug levde eit innhaldsrikt,
men og tøft liv.

Aslaug tenåringAslaug opplevde å både mista både faren
og den einaste systera si, Hildur,
med berre nokre vekers mellomrom.

Ho opplevde krigen, og ein del av dikta har tema frå
den i seg. Nokre seier ho er mollstemd og andre
synest ho gjev ei hærleg naturskildring som
tydeleggjer den vestnorske naturen.

Eg er enig i begge delar, men synest og at ho gjev
oss klare oppmodingar til å leva livet medan me har
det, for da er for verdifullt å kasta vekk.
Me må passa på å IKKJE SOVA BORT SUMARNATTA.

Dette sterke diktet skreiv ho då ho
sjølv låg for døden med tuberkulose i 1945.

kopi Aslaug i RomaOgså diktet “Natt, du må venta lenger” vart til då.
Eit dikt om viljen til å ikkje gje opp.
Om å ikkje gå inn i natta no.

Aslaug kom seg frå tuberkulosen etter eit opphald
på Luster sanatorium, men i 1966 kunne ikkje natta
venta lenger,
og ho døydde 19. desember 1966,
berre 56 år gamal.

Og ho fekk dessverre aldri oppleva at diktet,
som Geirr Tveitt sette melodi til, kom til å verta
ei av dei mest kjende visena me har i Noreg idag.

Er du lærar?

Vil du gjera ein innsats for å føra kulturarva vidare?

Kunne du tenkja deg at elevane dine skulle ha lært meir om Aslaug Låstad Lygre og diktinga hennar?

linda_fosse_3423768a

Då kan framsyninga “Vi skal ikkje sova bort sumarnatta” vera da retta valget.

Ta ein kikk på sida om framsyninga, og hugs
at hausten 2016 er siste høve for å oppleva den.

 

Aslaug Låstad Lygre

“Alltid Lika Levande”

For meg er Aslaug lika aktuell idag,
som den gongen ho skreiv dikta.
Tidlause tema og historien som gjentar seg
held dikta hennar levande og aktuelle den dag idag.

Mitt mål er å halda Aslaug Låstad Lygre Alltid Lika Levande!

Hjelp meg gjerne med den oppgåva.

Beste helsing

Linda

Bestill "Sumarnatta"