Adventskonsert 2015 vél overstått

Kanskje den vert ein tradisjon?

Her kan du høyra “O´Helga natt”

Eg har idag mottatt eit amatør opptak gjort under konserten. Dette ville eg dela med deko, sjølv om starten manglar og ein høyra både knitring m.m.  🙂

imageEg er veldig takksam for alle som valgte å ta turen for å høyra på, og veldig takksam for alle min flotte gjestar som hadde sagt seg villig til å bidra.

Konserten opne med Kling no klokka – songe acapella, av underteikna. Haus Kyrkje er absolutt ei kyrkje ein kan bruka akustisk. Det hev ei rose sprunge fekk og lov å vera heilt akustisk og acapella. Her hadde eg med meg Alexander Fiske Fosse og Didrik Von Hanno Kjessem med på song.

Sølvi Fjellstad framførste vakkert “En stjerne skinner i natt” og Wemund Mjøs bidrog på munnspel med “Det lyser i stille grender”, “Deilig er jorden” og “Du grønne glitrande tre god dag”.

Sistnemnde medan eg las diktet mitt “Kva handlar det om?”. (Sjå tekst lenger nede.

Ellers framførte Alexander sin eigen komposisjon “Rapsodi Trist” på piano og “Dream a little dream of me” på gitar, saman med Didrik på perkusjon.

Ole Morten Fosse styrte lyden med stød hand og godt gehør!

Konserten varte i omlag 1 1/2 time, og tilbakemeldingane har vore formidable!

TUSEN TAKK! 

Tradisjon?

Ja, kanskje det. Første søndag i Advent var i alle fall perfekt timing for meg. Då pustar eg enno med magen, og skuldrena har ikkje rukket å passera øyregongane.

Ynskjer Dykk alle ei riktig god adventstid vidare utan altfor høge skuldre, so sjåast me kanskje i Haus Kyrkja til neste år og 🙂

Kva er dine beste jule/adventskonsert-opplevingar?

Alle tilbakemeldingar vert ALLTID høgt verdsatt.

Beste helsing

Linda 🙂

 

Comments

comments

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

*